1 juli 2020: KRUS har fått nye nettsider

Du er nå på våre gamle nettsider. Disse vil ikke lenger bli oppdatert, og informasjonen her kan være utdatert.

Klikk her for å komme til våre nye sider
arb

Arbeidsdriftskonferanse

oktober 2014

Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) og Utdanningssenteret for kriminalomsorga (KRUS) har arrangert konferanse om arbeidsdrifta. Oppunder 100 deltakarar frå kriminalomsorga i heile landet var samla i to dagar for både nyttig informasjon og diskusjonar. Arrangørene verdset å få innspel frå dei mange verksbetjentane blant deltakarane.

arb
arb
arb
arb
arb

Heidi Bottolfs frå KDI opna konferansen med eit innlegg der ho la fram eit utkast for Kriminalomsorgas arbeidsdriftsstrategi. Ha fortalde mellom anna at det er viktig å synleggjere den delen av kriminalomsorga arbeidsdrifta utgjer. Ho framheva òg at sjølv om det ikkje finst uavgrensa med midlar og tiltak, så har kriminalomsorga mye å hente på å styrke og styre samspelet mellom dei ressursane som allereie finst. Det vart poengtert at vidareutdanning for verksbetjentar no skal prioriterast.

Eit av tema for konferansen har vore korleis dei tilsette i arbeidsdrifta kan samarbeide med andre, som til dømes NAV og Statsbygg, for å skape betre arbeidstilbod for domfelte ut frå den einskilde sine behov. Dette vart det òg jobba med i grupper, med etterfølgjande presentasjonar i plenum.

Eit anna spennande tema var korleis ein kan arbeide med design og marknadsføring for produkta dei innsette lagar på verkstadene. Mellom anna fortalde Leif Waage, assisterande direktør i Region vest, om korleis det å tilsetje designutdanna i arbeidsdrifta har vore med på å få fram etterspurde produkt.

Frå Halden fengsel kom Janne Hasle med innspel for marknadsføring med budsjett på kr. 0. Det såg ut for at mange av deltakarane på konferansen vart interesserte i hennar presentasjon. I Halden fengsel nyttar dei til dømes kanalar som blogg, Facebook og Instagram for marknadsføring av produkt frå verkstaden. Hasle kunne også fortelje at innlegg på Instagram tilførte fengselets nettbutikk fleire treff. I Halden fengsel har dei også arbeidd for å bli meir synlege i nærområdet, mellom anna ved å delta på utstillingar, messer og liknande i Østfold.

 

Til venstre finn du bilete av nokon av bidragsytarane til konferansa. Fra øvst: Heidi Bottolfs (KDI), Leif Waage (Region vest), Janne Hasle (Halden fengsel), Geir Eskeland (KRUS)

 

Nedlastbar dokumentasjon (pdf)

sjå under

Tips en venn Skriv ut