1 juli 2020: KRUS har fått nye nettsider

Du er nå på våre gamle nettsider. Disse vil ikke lenger bli oppdatert, og informasjonen her kan være utdatert.

Klikk her for å komme til våre nye sider
Dublin samlebilde -utsnitt 1000x300

Workshop om e-læring

i Dublin, Irland

Utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS tek del i internasjonalt samarbeid i fleire samanhengar. I desember 2015 var KRUS-tilsette med på ein internasjonal workshop i Dublin, der temaet var e-læring.

Dublin 1
Dag Sandham, Birgitte Storvik og Hege Bøhm Ottar frå KRUS
Dublin 2
Dag Sandham

Dag Sandham frå KRUS hold innlegg om kva for røynsler KRUS har med e-læring, og delegasjonen frå KRUS har meldt tilbake at dei fekk mykje nyttig informasjon om korleis andre brukar e-læring i undervisinga si. Særleg svenskane skal ha gjeve ekstra motivasjon til å sjå på nye høve i undervisinga på KRUS, både opp mot praksisfengsla og ulike kurs på etter- og vidareutdanninga.

Workshop’en vart arrangert av Europris (The European Organisation of Prison and Correctional Services) og CEP (the Confederation of European Probation). Europris vart danna i byrjinga av 2011 og har som mål å forbetra fengselssamarbeidet i Europa. KRUS har sidan oppstarten hatt eit tett samarbeid med Europris, og delteke på fleire konferansar og samlingar. Direktør i Kriminalomsorgsdirektoratet, Marianne Vollan, er visepresident i organisasjonen. 31. august 2016 arrangerer KRUS og KDI konferanse i samarbeid med CEP, om unge vaksne lovbrytarar i kriminalomsorga. Les meir om konferansen i KRUS-katalogen.

Meir informasjon om Europris finst på nettsida deira:   www.europris.org/
Meir informasjon om CEP finst på nettsida deira: cep-probation.org

Tips en venn Skriv ut