1 juli 2020: KRUS har fått nye nettsider

Du er nå på våre gamle nettsider. Disse vil ikke lenger bli oppdatert, og informasjonen her kan være utdatert.

Klikk her for å komme til våre nye sider
Vigdis og nye aspiranter - utsnitt

Velkommen

til KRUS

Måndag 5. januar vart det nye kullet med aspirantar tekne imot ved Utdanningssenteret for kriminalomsorga - KRUS. 175 aspirantar, ennå ikkje i uniformene sine, møtte opp i auditorium 1 for første dag av studiet for å bli fengselsbetjentar.

Hans-Jørgen Brucker 5
Direktør ved KRUS, Hans-Jørgen Brucker, foretok opprop av alle aspirantane i kull 2015-16.
Ellen Ekhaugen 5
Leder ved administrasjonsavdelinga, Ellen Ekhaug, informerte også dei nye studentane.
aspiranter 5
Her er nokre av aspirantane som snart kjem til å få sine uniformar.

I auditoriet understreka både direktør ved KRUS, Hans-Jørgen Brucker, og fungerande dekan, Vigdis Hult, kor viktig det er for studentane å sjå samanheng mellom teori og praksis i utdanninga. Det held ikkje å vere ein god utøver av betjentrolla, om ein ikkje også kan seie noko om kvifor dei valga som er tekne er gode og velfunderte.

Første dag av studiet går med til å ta imot mykje informasjon. Dei 175 aspirantane er i deler av undervisninga delt inn i seminar- og basisgruppar, og allereie første dag fekk dei møte studentane dei skal arbeide tettast med i månadene som kjem.

Tips en venn Skriv ut