1 juli 2020: KRUS har fått nye nettsider

Du er nå på våre gamle nettsider. Disse vil ikke lenger bli oppdatert, og informasjonen her kan være utdatert.

Klikk her for å komme til våre nye sider
Fra auditoriet aspiranter - utsnitt

Semesterstart

og opning av tilbygg for KRUS

Måndag den 17. august vart det nye kriminalomsorgshuset på Lillestrøm offisielt opna. Huset skal romma både KDI si verksemd og KRUS sin. Ved same høve starta aspirantkullet fra 2014-14 på sitt siste semester.

Hans-Jørgen Brucker tale til aspirantene - utsnitt
Direktør ved KRUS, Hans-Jørgen Brucker
Kjersti Hove tale til aspirantene - utsnitt
Dekan Kjersti Hove
Marianne Vollan tale til aspirantene - utsnitt
Direktør ved KDI, Marianne Vollan
Ole jacob Flæten, ordfører, tale til aspirantene - utsnitt
Ordfører i Skedsmo kommune, Ole Jacob Flæten

Direktør ved KRUS Hans Jørgen Brucker, ynskte alle velkommen til eit nytt semester i heilt nye lokale. Etter 30 år på Teisen, var dette ein merkedag. Direktøren i KDI, Marianne Vollan og ordføraren i Lillestrøm, Ole Jacob Flæten var også til stades. Det var også mange andre prominente gjester. Ordføraren ynskte KRUS velkommen til Lillestrøm.

Men dei mest spente denne dagen var nok aspirantane som for fyrste gong kunne ta i bruk det nye, fine auditoriet. Glad var også KRUS sin nyutnemnde dekan, Kjersti Hove. Ho hadde sitt fyrste møte med aspirantane. I talen sin la ho vekt på kor viktig det er at teoriundervisning og praksis går hand i hand for å få ei god profesjonsutdanning. Ho la vekt på at læring i høg grad er ein individuell aktivitet, noe den einskilde sjølv kan og bør ta ansvaret for.

Etter opninga i auditoriet inviterte KDI til opningsseremoni for gjestene og tilsette ved KDI og KRUS. Blant mange andre talarar, var også statssekretær Bræin Karlsen  i Justisdepartementet og hovudverneombodet i kriminalomsorga.

Pressa var óg til stades. Journalistar frå Romerikes Blad laga ein fin reportasje som du kan laste ned i PDF-format ved å klikke her.

Tips en venn Skriv ut