Du er nå på våre gamle nettsider. Disse vil ikke lenger bli oppdatert, og informasjonen her kan være utdatert.
Klikk her for å komme til våre nye siderDoping er eit stort problem i norske fengsel, og nå får Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga hjelp frå Antidoping Norge til å lære opp aspirantane.
Denne veka blei ei samarbeidsavtale mellom Antidoping Norge og KRUS underteikna. Avtalen inneber blant anna at Antidoping Norge skal ha ei undervisningsøkt med innføring og opplæring i dopingproblematikk for aspirantar som er i sine praktisk-teoretiske semester.
Avtala gjeld førebels ut 2017, og kan forlengast med eit år om gongen.
Til stades ved underteikninga, bilde øvst i artikkelen: Frå venstre: Fredrik Lauritzen, Avdelingsleiar i Antidoping Norge, Dag Sandham, fagrådgiver sikkerhet ved KRUS, dekan Kjersti Hove, KRUS, administrasjonssjef Ellen M. Ekhaugen, KRUS og prosjektmedarbeidar i antidoping Norge, Morten Heierdal. Foto: Lars Vestad, Antidoping Norge