1 juli 2020: KRUS har fått nye nettsider

Du er nå på våre gamle nettsider. Disse vil ikke lenger bli oppdatert, og informasjonen her kan være utdatert.

Klikk her for å komme til våre nye sider
halden 4 - utsnitt til NYTM-artikkel

residiv og menneskesyn

i New York Times Magazine

New York Times Magazine publiserte nyleg artikkelen "The Radical Humaness of Norway's Halden Prison: The goal of the Norwegian penal system is to get inmates out of it". 

Journalist Jessica Benko har vore i Noreg og besøkt Halden Fengsel. Hovuddelen av artikkelen er ei samanlikning av grunntankane innen kriminalomsorga i Noreg og USA. Der rehabilitering og reintegrering omtalast som to av dei viktigaste stikkorda innan norsk kriminalomsorg, blei det amerikanske systemet forma av mellom anna ei (seinare tilbakevist) analyse av forsking der konklusjonen var at rehabiliterande tiltak ikkje rehabiliterar.

Benko har samanlikna statistikk på tilbakefall. Ein norsk rapport opererar med eit tilbakefall på 20 % etter to år, medan United States Bureu of Justice Statistics har estimert ein tilbakefallrate på 68 % etter tre år i USA. For ein kommentar til tala, og ei vurdering av om det er haldningane til rehabilitering og reintegrering, som utgjer forskjellen, har journalisten møtt forskar ved Utdanningssenteret for kriminialomsorga KRUS, Ragnar Kristoffersen. Kristoffersen hevdar mellom anna at desse tala ikkje utan vidare kan samanliknast.

Les heile artikkelen her.

Tips en venn Skriv ut