1 juli 2020: KRUS har fått nye nettsider

Du er nå på våre gamle nettsider. Disse vil ikke lenger bli oppdatert, og informasjonen her kan være utdatert.

Klikk her for å komme til våre nye sider
Fra celleaksjon - utsnitt 2

open dag

og informasjon om fengselsbetjentutdanninga

18. mai arrangerte KRUS open dag på ettermiddag/kveld, for dei som var interesserte i å få meir kjennskap til fengselsbetjentutdanninga. Om lag 65 interesserte møtte opp til munnleg og praktisk informasjon.

Aud
Frammøtte til open dag ved KRUS
Erlend informerer om utdanningsforløpet
Erlend informerer om fengselsbetjentutdanninga
Fra celleaksjon - collage
Dei frammøtte fekk sjå eit eksempel på ein celleaksjon

Kva gjer ein fengselsbetjent? Dette spørsmålet blei svara på av fengselsførstebetjentane og aspirantane som var til stades. Noko som blei vektlagt, er at både sikkerheit og miljøarbeid er viktige grunnelement i kvardagen til ein fengselsbetjent. Det er også slik at ikkje alle arbeider i fengsel. Nokre arbeidar også med personar som har vilkårsdommar.

Utdanninga varar i fire semester (2 år), med eit etterfølgande pliktår. Utdanninga er lønna. Første og fjerde semester er teorisemester, medan semester to og tre føregår i ein fengselseining der aspirantane har praksis, i tillegg til at dei også får meir teoriundervisning. Aspirantane som var med på den opne dagen, kunne fortelje om at dei så fram til å ta fatt på sitt første praksissemester.

For å poengtere at sjølv om Noreg er kjend for å leggje vekt på arbeid med rehabilitering, så er sikkerheit likevel det viktigaste, fekk dei frammøtte ei innføring i korleis ein celleaksjon kan gå føre seg. Ei aspirant hadde tatt på seg rolla som utagerande innsett, medan ein sikkerheitsinstruktør frå Oslo fengsel med medhjelparar fortalde dei frammøtte om hendinga, korleis ein fengselsbetjent reagerer om den innsette ikkje rettar seg etter å ha blitt møtt med normal kommunikasjon, og viste og fortalde korleis ein celleaksjon kan gjennomførast slik at den innsette ikkje kan vere til fare for seg sjølv, medfangar eller tilsette. Aspirantane fortalde dei frammøtte om kor mykje opplæring dei får for å kunne nytte fysisk maktbruk lovleg og mest mogleg effektivt/trygt, men også kva ein kan forsøke å gjere for å unngå å måtte ta den form for makt i bruk.

Til høgre ligg nokre bilete frå open dag.

For dei som var til stades og har fleire spørsmål, eller dei som ikkje var til stades og som har spørsmål til utdanninga, anbefaler vi å sjå på KRUS sine nettsider, eller Facebook-sida vår her. KRUS planlegg tilsvarande arrangement også neste vår.

Tips en venn Skriv ut