1 juli 2020: KRUS har fått nye nettsider

Du er nå på våre gamle nettsider. Disse vil ikke lenger bli oppdatert, og informasjonen her kan være utdatert.

Klikk her for å komme til våre nye sider
aspiranter 2013-14 - utsnitt med vinking

open dag 25. april

med informasjon om fengselsbetjentutdanninga

Ønsker du deg ein jobb som både er meiningsfull og utfordrande? Evnar du å sette grenser for andre og samtidig vise omsut og støtte for menneske i ein vanskeleg situasjon? Då bør du vurdere å søke fengselsbetjentutdanninga!

Aud
Frå open dag i 2015
Erlend informerer om utdanningsforløpet
Frå open dag i 2015
Fra celleaksjon - collage
Frå open dag i 2015

Utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS held open dag/ informasjonsmøte for personar som er interessert i å vite meir om fengselsbetjentutdanninga og -yrket. Vi vil blant anna informere om opptaksrav og søknadsprosess, og det vert høve for dei vitjande å snakke med fengselsbetjentar og aspirantar under utdanning. Aspirantar frå eit praksisfengsel vil gjennomføre rollespel i øvingsfengselet/celleavdelinga.

Interesserte bedast møte ved KRUS (lokalane til skulen) i Solheimsgata 21 i Lillestrøm, måndag 25.april kl. 16.30. Det er ingen påmelding til informasjonsmøtet.

Alle som ønsker å søke om opptak til fengselsbetjentutdanninga er velkomne. Vi oppmodar personar med anna språk- og kulturkompetanse enn nordisk og engelsk til å komme. Talet på utanlandske innsette i norske fengsel har auka dei seinare åra, og mangfald blant dei tilsette i kriminalomsorga er eit viktig verkemiddel for å ivareta desse.

Utlysning av årets opptak til fengselsbetjentutdanninga vil skje måndag 13.juni med søknadsfrist søndag 14.august 2016. Det er berre mogleg å søke via dei elektroniske søknadsskjema våre som blant anna vert gjort tilgjengeleg på nettsida vår.

Til høgre ligg nokre bilete frå open dag i 2015.

Om du ikkje kan kome, eller du ønsker å vite meir før du kjem, anbefaler vi å sjå på KRUS sine nettsider, eller Facebook-sida vår.

Tips en venn Skriv ut