1 juli 2020: KRUS har fått nye nettsider

Du er nå på våre gamle nettsider. Disse vil ikke lenger bli oppdatert, og informasjonen her kan være utdatert.

Klikk her for å komme til våre nye sider
Ada Sofie Austegard - StineSofie-stiftelsen -utsnitt

Offerperspektivet

i kriminalomsorga

23. september hadde KRUS og KDI invitert til ein nasjonal dagskonferanse om offerperspektivet. Har hadde dei invitert ei rekke personar med ulike erfaringar og perspektiv på emnet for konferansen.

Blant emna på programmet var kva verknad kriminalitet har på den fysiske og psykiske helsa til offeret (Lars Weisæth, professor emeritus, UiO) og ei gjennomgang av regelverk om varsling av fornærmede og etterlatte. Harald Føsker (internasjonal direktør i KDI) heldt eit innlegg m eigne erfaringar og refleksjonar som offer for kriminalitet. Leder i Stine Sofies Stiftelse, Ada Sofie Austegard (bildet over),snakka om korleis samfunnet og kriminalomsorga bør ivareta og følge opp offera, med fokus på tematikken kriminalomsorga vs. offeromsorga. Bistandsadvokat Hege Salaomon sine tankar om kva offera er opptatte av blei formidla, medan Guro Angell Gimse (leder i konfliktrådet i Sør-Trøndelag) delte erfaringar frå mekling i straffesaker. Nokre domfelte har gjennomført pilegrimsvandringar og retreat i fengsel, og professor emeritus Leif Gunnar Angedal fortalde om erfaringar knytt til dette.

Tips en venn Skriv ut