1 juli 2020: KRUS har fått nye nettsider

Du er nå på våre gamle nettsider. Disse vil ikke lenger bli oppdatert, og informasjonen her kan være utdatert.

Klikk her for å komme til våre nye sider
IMG_3955 -utsnitt 1000x300

Gruppearbeid og framføringar

-stemningsrapport

Aspirantane i kull 2015-16 har no berre to månader igjen før dei er ferdige høgskolekandidatar i straffegjennomføring frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga (KRUS) og er klare til å ta fatt på pliktåret. Men enno er det forelesingar og fagteori som gjeld, for å førebu aspirantane til kvardagen i kriminalomsorga.

IMG_3963 - utsnitt 2316x1019
IMG_3980 - utsnitt 1769x1069
IMG_3968 -utsnitt 2301x1193

Det siste emnet dei skal ha undervisning og eksamen i, er Miljøarbeid og tilbakeføring. Det pedagogiske opplegget for emnet er ikkje ulikt opplegget for andre emne ved utdanninga, med ei veksling mellom førelesingar, eigenarbeid og ulike variantar av gruppearbeid.

Vekslinga melom dei ulike arbeidsformane gjer at det ikkje blir like einsformige dagar som det elles kunne ha vore. Nokre av aspirantane uttalar at dei kunne ha ønska seg færre gruppearbeid og fleire sjølvstendige oppgåver i emnet Miljøarbeid og tilbakeføring, men korleis det blir vekta mellom arbeid i grupper og individuelle oppgåver er noko som varierer frå emne til emne.

Når dei har gruppearbeid, ventar gjerne ei framføring i etterkant med det seminaret dei er ein del av. Nå som aspirantane er i fjerde semester og alle har gjennomført praksis i eit av opplæringsfengsla til kriminalomsorga, trekk dei inn erfaringar frå fengselskvardagen i framføringane. Dette er også noko rettleiarane legg vekt på og etterspør i samband med at dei ulike oppgåvene diskuterast. Med denne tilnærminga til oppgåvene, lærer aspirantane av kvarandre. Og ikkje minst lærer dei – godt hjelpte av rettleiarane - å reflektere over korleis praksis varierer med forskjellige føresetnadar i dei ulike fengsla, både med tanke på om det er tale om høg- eller lågare sikkerheit, eller om det er andre variablar som er i spel.

På bileta til høgre finst bilete frå presentasjonar i ulike seminar. 

Tips en venn Skriv ut