1 juli 2020: KRUS har fått nye nettsider

Du er nå på våre gamle nettsider. Disse vil ikke lenger bli oppdatert, og informasjonen her kan være utdatert.

Klikk her for å komme til våre nye sider
IMG_4363 Birgitte underviser - utsnitt 1000x300

Forvaring

KRUS har arrangert ei fag- og erfaringssamling for alle som arbeider med forvaringsdømde. På samlinga deltok om lag 80 personar som arbeider med forvaringsdømde. Både kriminalomsorga og samarbeidspartnarar var representerte.

IMG_4376 Raymond Bråten, inspektør ved Ullersmo fengsel, Kroksrud - utsnitt 847x526
Raymond Bråten, Ullersmo fengsel, Kroksrud
IMG_4370 salen - utsnitt 904x342
Fra auditoriet

Fagdelen av samlinga tok for seg lovgjeving på området og korleis lovene skal tolkast, med bakgrunn i avgjerder frå lagmannstrett og høgsterett. For eksempel blei det vist til at det skal meir til for å nekte nokon å bli lauslaten på prøve frå ein forvaringsdom enn frå ein tidsbestemt dom. Det blei også vist til skiljet mellom kva for vilkår kriminalomsorga kan sette for at ein forvaringsdømd kan bli lauslatt på prøve, og kva for vilkår det berre er domstolen som kan sette. 

Tingrettsdommar Trond Mangseth var invitert for å holde eit foredrag om prøvelauslating frå forvaring. Han presiserte blant anna kva det er viktig at kriminalomsorga klargjer overfor domstolen i samanhang med rettssaka. Han svarte også på spørsmål frå salen.

I tillegg til den juridiske fagdelen, var det også sett av mykje tid til erfaringsutveksling, i form av gruppearbeider med sakar og diskusjonsspørsmål som sidan blei løfta fram i plenum.

Tips en venn Skriv ut