1 juli 2020: KRUS har fått nye nettsider

Du er nå på våre gamle nettsider. Disse vil ikke lenger bli oppdatert, og informasjonen her kan være utdatert.

Klikk her for å komme til våre nye sider
Synøve N

elektronisk kontroll

Denne veka arrangerte Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) og Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga (KRUS) konferanse om Elektronisk Kontroll (EK). I to dagar var dei meir enn 100 deltakarane samla, og på programmet sto så vel teknologi og regelverk som erfaringar knytt til korleis einingane kan auke bruken av delgjennomføringar.

Jan-Erik Sandlie KDI - utsnitt 1261x1373
Jan Erik Sandlie, KDI
Synøve N
Synøve N. Andersen, SSB
Lars Engh førde KOA-JD utsnitt 1439x1461
Lars Engh Førde, JD

Konferansen blei opna av assisterande direktør i KDI, Jan-Erik Sandlie. Han viste til status for EK no, på det niande året etter innføringa av ordninga. Noko av det viktigaste Sandlie peika på , er arbeidet med å få fleire frå soning i fengsel til EK, mellom anna på grunn av at EK har positive verknader for både domfelte, pårørande og samfunnsøkonomien.

Medan det er ein soningskø på 63 til EK, er køen av søknader under behandling 829. For å ta unna desse køane er det ønskeleg med fleire plasser, og i forslag til statsbudsjett for 2017, er det satt av midlar til ekstra plassar, informerte Sandlie.

Emnet det var sett av mest tid til, var evalueringar av EK-ordninga. På konferansen blei det lagt fram rapportar frå både Vista Analyse og Statistisk Sentralbyrå (SSB). Ingeborg Rasmussen frå Vista Analyse har vore med og skrive rapporten Evaluering av soning med fotlenke, på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet. Den andre rapporten som blei presentert, er ei rapport frå SSB: Electronic monitoring and recidivism; Quasi-experimental evidence from Norway. Denne rapporten var det Synøve N. Andersen som presenterte.

Dei to rapportane viser til ulike konklusjonar på fleire punkt, mellom anna når det kjem til kva for aldersgrupper som EK ser ut til å ha best effekt på, når ein ser på tilbakefall. Begge rapportane kan vise til lågt tilbakefall for dei som har sona med EK. Men dei peiker begge på vanskar med å finne gode måtar å analysere tala på, slik at det er effekten av EK og ikkje seleksjonsprosessen (kven som er kandidatar til å sone med EK, og kven som ikkje er det) som blir målt. Andre grunner til ulike konklusjonar i dei to rapportane, er slikt som at dei opererer med ulike definisjonar av tilbakefall og at Vista Analyse har sett på både heil- og delgjennomføringar, medan SSB bare har sett på heilgjennomføringar. I samband med slike problemområde kom Andersen med ei oppmoding til kriminalomsorga: medan ein arbeider med å implementere EK: Tenk på at ordninga skal/bør evaluerast!

Korleis blir rapportane følgd opp? Lars Engh Førde, frå Kriminalomsorgsavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet var invitert til å seie noko om dette. Engh Førde fortalde deltakarane at departementet ønsker økt bruk av delgjennomføringar, og at det kan bli aktuelt å utvide til 6 månaders gjennomføringstid. Departementet vurderer også å sjå på ny teknologi, som til dømes GPS, og om dette kan bidra til å vidareutvikle ordninga med EK.

 

Rapportane frå høvesvis Vista Analyse og SSB kan lastas ned ved å klikke på titlane under –dei peiker til sider som tilhøyrar utgivande eining.

Evaluering av soning med fotlenke
Electronic monitoring and recidivism; Quasi-experimental evidence from Norway

Tips en venn Skriv ut