1 juli 2020: KRUS har fått nye nettsider

Du er nå på våre gamle nettsider. Disse vil ikke lenger bli oppdatert, og informasjonen her kan være utdatert.

Klikk her for å komme til våre nye sider
Prosjektgruppe eLæring - utsnitt med kanter

e-læringskurs

-KRUS med i prosjektgruppe

Fem statlege verksemder skal saman utvikle to digitale opplæringsressursar for tilsette i staten, som ledd i å øke bruken av digitale opplæringsplattformer i staten. Kirsti Nymo frå Utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS er med i prosjektgruppa.

Målgruppane for kursa er statlege tilsette med ansvar for opplæring og utdanning ved si verksemd, til dømes lærarar, HR-medarbeidarar, instruktørar og leiarar. Måla med eLæringskursa er å gi desse kunnskap slik at dei tek internett og teknologi i bruk i større grad enn i dag.

Prosjektgruppa består av Kirsti Nymo frå KRUS, Ingrid Kvåle frå Difi, Tone Yvonne Sundhagen frå Norsk Jernbaneskole, Ragnhild Holm frå Politihøgskolen, Geir Isaksen frå Forsvarets høgskole og Siren Elise Frøytlog Hole frå Transform. Geir Isaksen er leiar av gruppa, og Transform skal utvikle sjølve eLæringskurset.

Kurs ein skal vere ferdig høsten 2015. Dette kurset tar for seg grunnleggande læringsteoriar, pedagogiske modellar, didaktikk, undervisningsmetodar og evaluering/evalueringsmetodar.

Kurs to er planlagt ferdigstilt senest våren 2016. Dette kurset er meir praktisk retta, og omhandlar slikt som forelesningar, samarbeid, rettleiing og gruppediskusjonar på nett, samt bruk av multimedia, sosiale medium og praktiske eksemplar.

Tips en venn Skriv ut