1 juli 2020: KRUS har fått nye nettsider

Du er nå på våre gamle nettsider. Disse vil ikke lenger bli oppdatert, og informasjonen her kan være utdatert.

Klikk her for å komme til våre nye sider
Fra salen - utsnitt 1000x300

Dagskonferanse

- Kvinnelege innsette og domfelte

KRUS og Krminalomsorgsdirektoratet (KDI) har arrangert nasjonal konferanse der tema var kvinnelege innsette og domfelte. Dei om lag 70 påmelde fekk ein variert dag der dei mellom anna blei informert om arbeidet med og anbefalingar frå «Kvinnerapporten».

Helga Ervik, Sivilombudsmannen
Helga Ervik frå Sivilombodsmannen
Hilde Lundeby, KDI
Hilde Lundeby frå KDI

Konferansen starta med at direktør ved Utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS, Hans-Jørgen Brucker, og direktør for Kriminalomsorgsdirektoratet, Marianne Vollan, ønska dei frammøtte velkommen. Vollan informerte om at «Kvinnerapporten» skal munne ut i ein strategi når det gjeld kvinnelege innsette og domfelte i løpet av 2016.

Helga Ervik representerte Sivilombodsmannen. Ervik forklara korleis den førebyggande eininga mot tortur og umenneskeleg behandling ved fridomskrenking arbeider. Ervik har vore med på undersøkingar av fleire fengsel i Noreg, og presenterte nokre funn frå desse undersøkingane. Desse funna inkluderte at Noreg følger internasjonale forpliktingar når det gjeld å halde menn og kvinner åtskild i fengsel. Eit dilemma som blei avdekt, var at det ikkje er uvanleg å måtte velje mellom å ha kvinnene på rett sikkerheitsnivå og å plassere dei langt heimanfrå. Av dei mindre gode, for kriminalomsorga si del, funna, var at kvinner generelt har dårlegare uteområde (og er mindre ute) og dårlegare sysselsettings- og utdanningsmoglegheiter enn mannlege innsette. Kvinner opplevde også at dei ikkje kjende seg trygge, ved at deira einingar var plasserte langt frå sentrale funksjonar, slik at det kunne ta tid før ein fekk respons på oppkall. Det blei også peikt på at det var færre fengselsbetjentar på kvinneeiningane enn mannseiningane.

Hilde Lundeby, seniorrådgjevar i KDI, og Karin Aaland, leiar for Buskerud friomsorgskontor, presenterte «Kvinnerapporten», Likeverdige forhold for kvinner og menn under kriminalomsorgens ansvar. Lundeby og Aaland var med i den gruppa som har laga rapporten, som blei ferdigstilt og overrekt Kriminalomsorgsdirektoratet i januar i år.

Det blei også presentert «best praksis» frå fengsel og frisomsorg, og det var innlegg om kva som bør vektleggast i framtidas arbeid med kvinner under kriminalomsorgas ansvar. Heilt til slutt fekk også deltakarane på konferansen «fritt ord» til å komme med kommentarar og synspunkt til KDI på konferansen sitt tema.

Tips en venn Skriv ut