1 juli 2020: KRUS har fått nye nettsider

Du er nå på våre gamle nettsider. Disse vil ikke lenger bli oppdatert, og informasjonen her kan være utdatert.

Klikk her for å komme til våre nye sider
Work shop med Rita -utsnitt

Dagskonferanse

for rusmeistringseiningane

28. oktober arrangerte KRUS og KDI, saman med Helsedirektoratet, dagskonferanse for rusmeistringseiningane i kriminalomsorga. Temaet for konferansen var «Summen av oss er dei innsattes ressurs», ein tittel som peikar på eit samarbeidsperspektiv.

Heidi Bottolfs, KDI, innleder
Heidi Bottolfs frå KDI opna konferansen
IMG_2317
Lars Linderoth og Anne-Grethe Skjerve frå Samhandlingsteamet i Bærum
Nina Faye Fjeldberg, KRUS 1
Nina Faye Fjeldberg frå KRUS fortel om kvalitetssystemet

Konferansen opna med informasjon frå KDI. Der vart det blant anna sagt at arbeidd med rettleier for rusmeistringseiningane skal bli sendt ut på høyring i løpet av 2015 .

Dagens hovudtalarar var Lars Linderoth og Anne-Grethe Skjerve, frå Samhandlingsteamet i Bærum, eit tverrfagleg team som jobbar med personar som til trass for klårt definerte rettar, har lett for å falla mellom fleire stolar i dei etablerte offentlege instansane som t.d. bustadskontor og helsetenesta. Med deira eigne ord: «andres eksklusjonskriterium er våre inklusjonskriterier».

Temaet for foredraget til Linderoth og Skjerve var «Samhandling, samarbeid og kulturutfordringer i praksis». Samhandlingsteamet består av personar med ulik fagleg bakgrunn, frå lege til konsulent og sosionom. Ingen er tilsett spesifikt i teamet, men høyer til ulike offentlege instansar som uansett ville hatt ansvar for utfordringane til brukarane, og dei har ein del av stillinga si som medlemmar at dette teamet. Eit av dei viktigaste verkemidla dei nytta, var å skapa relasjonar til brukarane, for gjennom dette å kunna ha påverknadskraft. Det er ikkje slik at han som er psykolog berre tek seg av «fagfeltet sitt», medan andre tek seg av andre deler av tilvera for brukarane. For å sikre at problemstillingane til brukarane vert belyst på ein best mogleg måte, har alle medlemmane same status i teamet, uavhengig av fagleg bakgrunn. Og når det gjeld det å hjelpa brukarane med praktiske oppgåver, er det «like gjerne psykiateren som vernepleiaren som er med til tannlege eller Elkjøp». Dette vert òg brukt som relasjonsbyggande aktivitet.

I tillegg til å vere tverrfaglege, var det spesielt eit råd som vart gjeve: mange av brukarane til samhandlingsteamet er, sannsynlegvis i likskap med mange av dei personane rusmeistringseiningane jobbar med, svært krenkbare. Det tyder at dei lett vert krenkt, òg av hendingar eller formuleringar andre kan sjå på som heilt nøytrale. Denne sårbarheten kan fort føra til aggresjon. Og då handlar det mykje om korleis dei som jobbar med desse personane handterer dette. Det viktige å hugsa, ifølgje Linderoth og Skjerve, er at måten vi responderer på når den andre kjem med eit utspel, igjen vil påverka den måten den andre reagerer på responsen vår. Det er viktig å ha for auget kva som er målet med kommunikasjonen og samhandlinga. I denne samanhengen vart det mint om at det i desse situasjonane er dei som får betalt for å vera der, som sannsynlegvis òg er dei mest tilpassningsdyktige, og dermed har det største ansvaret for å få kommunikasjonen inn på ein fruktbart spor.

Etter lunsj fekk konferansedeltakarane informasjon frå Nina Faye Fjeldberg ved KRUS om arbeidet med det nye kvalitetssystemet for programverksemd i kriminalomsorga. Utviklinga av kvalitetssystemet, som Fjeldberg er prosjektleiar for, tek utgangspunkt i rundskrivet om programverksemda frå KDI som kom tidlegare i år. Noko av det viktige med dette kvalitetssystemet, er å harmonisere omgrepsbruk, avklara kva for ein kunnskap og kvalifikasjonar som skal gjelda for dei som skal driva programma, og å bidra til kunnskapsdeling innover i kriminalomsorga. Med andre ord: Kvalitetssystemet skal undertrygd ei einsarta programverksemd.

Etter dette, var det tid for konferansedeltakarane til å verta litt meir aktive. Det var sett opp ei rekkje work shops med ulike tema, der ein kunne velja kva for tema ein ønska å vera med på. Det var sett av tid til at ein kunne velja to ulike tema. Kvar work shop starta med ei innleiing, før det var høve til å koma med spurnad og innspel. Til slutt på dagen samla alle seg i plenum, og det vart gjeve ei oppsummering av nokon av hovudpunkta frå kvart tema. Blant tema var «Relasjons- og miljøarbeid», «Brukarmedverknad og samarbeid med frivillige organisasjonar» (innleier: Rita Nilsen, Retretten, sjå hovudbiletet til artikkelen) og «Målkrav og samarbeid med styrande organ».

Tips en venn Skriv ut