1 juli 2020: KRUS har fått nye nettsider

Du er nå på våre gamle nettsider. Disse vil ikke lenger bli oppdatert, og informasjonen her kan være utdatert.

Klikk her for å komme til våre nye sider
BRIK - forsideutsnitt

BRIK-kurs i gang

for instruktørar på eiga eining

Eit av satsingsområda til kriminalomsorga i 2015 er utrulling av BRIK («Behovs- og ressurskartlegging i kriminalomsorgen»). Det er Utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS, som står for opplæringa, og til kursa har vi fått inn erfarne brukarar frå så vel fengsel som friomsorga som instruktørar.

BRIK ustnitt Heidi, Kristin, Gunnar
Frå møtet om evalueringa av BRIK. Frå venstre: Heidi Bottolfs og Kristin Tandberg, KDI, Gunnar Vold Hansen, HiØ
BRIK Tove, Heidi, Idun
Innleiarar og instruktørar på årets første BRIK-kurs. Frå venstre: Tove L. Johansen, Heidi Bottolfs og Idun M. Gjelsvik.

Formålet med BRIK er å få ein standardisert måte å kartlegge domfelte sine ressursar og behov. Ved overføring mellom einingar i kriminalomsorga kan kartlegginga overtakast av den nye eininga. Det vert synleg i Kompis når ein kartlegging er gjennomført.

Tema i kartlegginga er mellom anna: butilhøve, nettverk, helse og avhengigheit. Under kartlegginga gjer både domfelte og kartleggar på fleire emne vurderingar som blir ført inn i kartlegginga i kvar sine felt. Den domfelte kan her seie seg ueinig i kartleggars vurdering.

Det første av i alt seks kurs i 2015 har blitt arrangert. 20 deltakarar frå heile landet var samla i to dagar. Dei har nå fått opplæring slik at dei kan lære opp andre ved eiga eining. Fleire deltakarar meinte kartlegginga var svært omfattande, men samstundes mindre komplisert enn dei hadde frykta.

BRIK har vore nytta i nokre einingar i kriminalomsorga allereie. På bakgrunn av dette har det vore laga ei evalueringsrapport. På eit møte i KDI sine lokalar 10. mars, presenterte Gunnar Vold Hansen, dosent ved Høgskolen i Østfold og ein av forfattarane til evalueringsrapporten, nokre av resultata.

Av dei positive funna, er at fleire av dei intervjua opplever at domfelte fortel meir enn dei har gjort i andre samanhengar. Eit anna funn er at kartlegginga fungerer, sjølv om potensialet ikkje fullt ut har vore utnytta. Dette heng mellom anna saman med at det har vore utfordringar knytt til det å få samarbeidspartnarar som til dømes nav, på banen. Tilsette i friomsorga har per i dag ein betre kontaktflate enn fengselsbetjentar på dette området.

På det første kurset var Tove Løberg Johansen frå Arendal fengsel og Idun Magnæs Gjelsvik frå Buskerud friomsorgskontor instruktørar. Både Tove og Idun er erfarne brukarar av BRIK. I tillegg til å instruere i bruken av BRIK-verktøyet og gjennomgang av forskrifta, var det også sete av tid til at dei kunne fortelje om eigne erfaringar knytt til BRIK. Dei var begge tydelege på at BRIK har vore eit nyttig hjelpemiddel, og ikkje minst at den strukturerte ramma rundt kartlegginga har vore ein hjelp når det gjeld å ta opp tema som det elles ikkje er så enkelt å ta opp med dei domfelte. Her fekk dei ei anledning ettersom det var snakk om ei rad spørsmål som alle skulle svarast på.

Samstundes var det viktig for dei to instruktørane å understreke at sjølve kartlegginga er frivillig. Og sjølv om dei har takka ja til å bli kartlagde, kan den domfelte reservere seg mot å svare på enkeltspørsmål eller heile tema. Dei kan også når som helst trekke sitt samtykke tilbake.

Erfaringane til Tove og Idun har vore at det oftast skapast ei god tone i møtet med den domfelte i samband med kartlegginga. Idun har hatt den domfelte inne på sitt kontor i friomsorga, medan Tove har nytta dei rom som har vore tilgjengelege i dei ulike fengselsavdelingane. I Arendal fengsel har oftast domfelte sin kontaktbetjent vore med i tillegg til Tove, som jobbar som tilbakeføringskonsulent. Erfaringane tilseier at ein normal kartlegging vil ta 3-4 timar. Kortare tid kan i nokre tilfelle vere riktig, andre gongar er det behov for lengre tid. Øktar av om lag ein time blei anbefalt av dei erfarne kartleggarane.

Eit godt tips som kursdeltakarane blei sende heim med, var å vurdere om den domfelte kunne ha behov for ekstra oppfølging i etterkant av ein kartleggingssamtale. Dette kunne vere spesielt relevant om spesielt kjenslege tema kom opp. Dei to kursinstruktørane var også tydelege på at når ein gjennomfører ein slik omfattande kartlegging, så vil det skape forventningar hos den domfelte om at funn frå kartlegginga vil føre til oppfølging og tiltak. Å spele med opne kort og å gi realistisk informasjon, var eit tydeleg råd, samstundes som kartleggingane kan gi den einskilde eininga i kriminalomsorga konkrete råd om kva for tiltak den domfelte har behov for og/eller er motivert for.

I tida framover vil BRIK som kartleggingsverktøy bli utvikla vidare. Dette handlar til dømes om eit ønske om å få ein versjon på engelsk. Manualen skal også vidareutviklast, og det er mellom anna planlagt å vurdere forskrifta, samt bruk av BRIK på innsette i varetekt.

Tips en venn Skriv ut