1 juli 2020: KRUS har fått nye nettsider

Du er nå på våre gamle nettsider. Disse vil ikke lenger bli oppdatert, og informasjonen her kan være utdatert.

Klikk her for å komme til våre nye sider
IMG_2906 utsnitt 1000x300 plenum

BRIK - erfaringssamling

gjennomført 20. januar

Utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS gjennomførde i 2015 opplæring av kurshaldarar i BRIK (Behov- og ressurskartlegging i kriminalomsorga) for alle einingane i kriminalomsorga. Desse kurshaldarane skulle så ta med seg kunnskapen tilbake til eigne einingar, og der lære opp dei tilsette som skal utføra sjølve kartleggingane. Denne veka vart det arrangert erfaringssamling for dei lokale kurshaldarane.

IMG_2896
Ei av gruppene som utveksla erfaringar med innføring av BRIK

I tillegg til ein plenumdiskusjon om i kva grad BRIK òg bør kunna tilbydast varetektsinnsette, var det sett av tid til å få med seg røynsler frå praksisfeltet, både fengsel og friomsorga, i tillegg til at kursdeltakarane satt saman i grupper for røynsleutveksling som sidan vart presentert i hovudpunkt i plenum.

Frå desse gruppediskusjonane kom det fram ulike poeng:

- Dei ulike einingane har gjennomført den lokale opplæringa på ulike måtar. Nokre har valt 1-til-1-undervising, andre fellesopplæring. Kurshaldarane har opplevd at opplæringa har fungert bra, uavhengig av metode ved eininga si. Kurshaldarane opplever òg at BRIK vert teke positivt imot; det er lett å lære, og dei tekniske løysingane for BRIK fungerer betre enn enkelte andre system som er i bruk i kriminalomsorga.

-Nokon av kurshaldarane har opplevd at det har vore ei utfordring å få BRIK-kartlegging til å verta ei sjølvfølgje, samstundes som einingane må vareta dei som ikkje ynskjer den frivillige kartlegginga BRIK er.

-Det er ulikt frå eining til eining kven som gjennomfører kartleggingane. Hos nokon er det sosialkonsulentar, hos andre kontaktbetjenten. Dette er avhengig av tilhøve ved den enkelte eininga, som til dømes tilhøvet mellom mengda innsette og mengda fengselsbetjentar på ein normalvakt. I tilfelle der sosialkonsulentar gjennomfører kartlegginga, er det i utgangspunktet opp til den enkelte kontaktbetjenten om kartlegginga sjekkast og vert nytta som informasjonskjelde. Der det er kontaktbetjentar som utfører kartleggingane, kan mengda innsette den enkelte er kontaktbetjent for påverka kor mange som vert kartlagt.

-Lite tid til å kartleggje har ført til ulike former for tilpassingar. Man kan prioritera enkeltgrupper, som til dømes unge domfelte eller dei med domslengde over ei viss tid, eller ein prioriterer å gjennomføra kartlegging på det som opplevast som dei meste relevante tema for den enkelte som skal kartleggjast.

-Kurshaldarane opplever at BRIK skapar forventingar hos dei domfelte, noko det er viktig å vera klår over før ein tilbyr kartlegging til den enkelte. Samstundes gjer kartlegginga det enklare å nå fram til relevante offentlege instansar, sidan informasjon kan formidlast direkte til t.d. ein ruskonsulent.

Tips en venn Skriv ut