1 juli 2020: KRUS har fått nye nettsider

Du er nå på våre gamle nettsider. Disse vil ikke lenger bli oppdatert, og informasjonen her kan være utdatert.

Klikk her for å komme til våre nye sider
fagansvarlige -utsnitt 1000x300

Aspirantkull 2016-17

-første dag ved KRUS

Med eit nytt år, kjem det eit nytt kull med aspirantar til Utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS. Denne gongen er det kullet 2016-17 som hadde sin første arbeids- og studiedag.

IMG_2837 aspiranter
Aspirantar i auditoriet
IMG_2840 aspiranter
Aspirantar i auditoriet
IMG_2870 fagansvarlige
Emneansvarlege presenterte kort sine emner.

Dagen starta med ei rekkje velkomsthelsingar og meldingar, frå både administrasjonen ved KRUS og frå direktør Hans-Jørgen Brucker. Det var òg ein kort presentasjon der dei emneansvarlege for emna studiet består av fekk nokre minutt kvar til å presentera fagområdet sitt. Dekan ved studieavdelinga, Kjersti Hove, gav dei nye studentane eit oversyn over nokon av dei viktige overordna dokumenta for utdanninga, som studieplanen, aspirantforskrifta og straffegjennomføringsloven. 

Hove snakka òg om det spesielle ved studiet, ved at det er ein veksling mellom teori og praksis, der ho understreka viktigheita av at studentane vert i stand til å kopla samanhengen mellom teori og praksis, sjølv om arbeidskvardagen i praksis kan synast langt unna den teorien skildrar. Hove understreka òg at sjølv om den forventa studieinnsatsen er estimert til ca. 40 timar per veke, så er det det å oppnå læringsmåla som er det viktige, sjølv om dette kan gjera at enkelte vil måtta bruka ekstra tid ut over «normalveka». Til slutt kom Hove med ei oppfordring til studentane om å gjera eit aktivt val når det gjeld kven dei ynskjer å vera og kva for ein rolla dei vil ta i studiemiljøet.

 

Bileta til høgre kan forstørrast ved å klikka på dei.

Tips en venn Skriv ut