Du er nå på våre gamle nettsider. Disse vil ikke lenger bli oppdatert, og informasjonen her kan være utdatert.
Klikk her for å komme til våre nye siderI Trondheim ligg Justismuseet, som er eit nasjonalt museum for politi, rettsvesen og kriminalomsorg. Biblioteket ved Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS, har invitert Justismuseet si vandreutstilling Galskapens fengsel på besøk.
Pål Ødegård er formidlar ved Justismuseet, og var med på opninga av utstillinga, som blir hengande i om lag ein månad. Ødegård uttrykte glede over at museet har fått høve til å halde ei av vandreutstillingane i eit bygg knytt til ei av dei etatane museet har som fagområde. Utstillinga bygger på heilt ny forsking om korleis ein i Noreg handterer og har handtert personar som er for sjuke til å straffes, men for friske til å sleppe fri. Meir informasjon om utstillinga og forskinga den bygger på finst på heimesida til Justismuseet, her.
-Vi ønsker å få til fleire slike utstillingar framover, seier hovudbibliotekar ved KRUS, Eva K. Nergård, og peiker på at slike tiltak kan gi nyttig kunnskap til studentane og opne for nye perspektiv på kriminalomsorga sitt virke.
Biblioteket ved KRUS har boka med same namn som utstillinga, Galskapens fengsel, til utlån for tilsette i kriminalomsorga. Biblioteket har også boka om Fliegenring, eit av eksempla som nyttast i utstillinga, til utlån.